Vedtekter Nynorsk



VEDTEKTER FOR SENIORUNIVERSITETET I ODDA OG ULLENSVANG

Vedtekne på stiftingsmøte 07.02.2002. Endra på årsmøte i 2003.
Endra på årsmøte 19.02.2015.

§ 1 Føremål
Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang er ein sjølvstendig, ideell organisasjon for dei i moden alder som har lyst til å læra meir. Ved foredrag, kurs og studiearbeid, vert
utvalde emne tekne opp – utan sikte på å gje formell kompetanse.

§ 2 MEDLEMSKAP
Medlemskapet er personlig, ope for alle og gjeld når medlemspengane er

betalte.

§ 3 STYRET
Styret har fem medlemer og to varamedlemer. Styremedlemene vert valde for to år om gongen. Eine året står to på val, neste år tre. Blant styremedlemene
vel årsmøtet styreleiar for eit år om gongen. Varamedlemene står på val kvart år. Styret vel nestleiar, kasserar og sekretær seg i mellom. Styret kan nemna opp arbeidsgrupper.
Styret kan ta avgjerder når leiar eller nestleiar og minst to styremedlemer er til stades. Ved likt røystetal har leiar dobbelrøyst

Det skal førast møtebok for hvart styremøte.
Styret skal leggja fram årsmelding og revidert rekneskap for årsmøtet. Styret gjer framlegg om budsjett og valnemnd.
 
§ 4 ÅRSMØTET 
Årsmøtet er øvste organet. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad.
Innkalling til årsmøtet skal gjerast kjent i lokalavisa eller på annan måte 
minst to veker i førevegen. Dagsorden og sakspapir skal samstundes gjerast tilgjengeleg for
medlemmene.
Årsmøtet godkjenner årsmelding og revidert rekneskap, fastset medlemspengar og
budsjett, vel styremedlemer, leiar, varamedlemer og to revisorar.  
 Det skal veljast ei valnemnd på tre medlemer, medrekna leiar. Medlemene vert valde for to 
år. Eine året står to på val,neste år ein. 
Ved personval skal det vera skriftleg røysting dersom nokon krev det. Ved likt røystetal skal
valet avgjerast ved loddtrekking.
 Medlemer som vil leggja saker fram for årsmøtet, eller har framlegg til vedtektsendringar
må senda desse til styret minst tre veker før årsmøtedato. 
 Ekstraordinært årsmøte kan kallas saman med tre vekers varsel av styret, eller når minst
10 % av medlemene gjer skriftleg krav om det.
§ 5 VEDTEKTSENDRINGAR
Vedtektsendringar krever 2/3 fleirtal av årsmøtet.

§ 6 OPPLØSING
Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang kan oppløysast med 2/3 fleirtal av årsmøtet. Eventuelle midlar og verdiar skal overførast til Odda og Tyssedal pensjonist-
forening, eller orga som kan fremja seniorkulturen.